pettrolina -

Kino med guttaboys!

No er eg heime fra alex. Skal fortelle dokke om det seinare! Har ikkje tid til noko no. Eg skal nemmleg på kino med Håvard, Ørjan og Stine den fine! Sida det er søndag må vi utnytte slaske dagen heilt, derfor kjøyre vi på med to kino på same sleng. men no må eg løpe, folket venter... snakkast! :*

Thank God It?s Friday!

Ohh, det er så herleg med fredagar. På skulen er det kunst og handverk dei tre første timane, dei tre siste er det norsk, engelsk og matte. Kan ikkje kalle det ein dårleg skuledag akkurat, veldig fornøgd. Av ein lanna grunn går desse timane i latter og fnising, så vips er skuledagen over. Da er det fri, du slepp å tenke på lekse. Du kan gjør kva du vil, du har fri heile helga. Herleg følelse!

Eg burde eigentleg ikkje sitte her og blogge... for om ein halv time skal eg sette meg i bilen får å kjøre på Alex. Eller Alexandre Hotell som det heiter. Der skal eg tilbringe resten av helga ilag med mine bestekompisar, Kristian og Simen. Og gud som eg har gleda meg til dette. Det skal bli så kjekt, skal virkleg kose meg, gjer alt for å ha det kjekt der inne, for det har eg godt av! Men eg kom på at eg ikkje har pakka enda, så må vaske buret til Felix så er eg klar. Håpe eg får blogga der inne og! så ein ting å sei:
Thank God It?s Friday
, kooooooos dokke!♥

 




♥Webcam

 

Pettrolina

 

Eg er stolt over brødrene mine!

Sommaren i 1995 kom det ei lita jente med svart hår og knall blå auge. Det var ikkje mange dagane før ho kunne le og smile. Ho vart ganske så populær blant brorane sine. Etter som tida gjekk blei jenta større, rundt 1års alderen hadde jenta fått heilt lyst/kvitt krøllete hår og grøne auge. Ho lærte seg fort kva som var rett å gale. Ho var også veldig glad i folk, og likte å ha folk rundt seg. Men dei ho likte aller best var vell dei tre brørene sine.


Det var ikkje alltid like lett å vokse opp med tre store brødre. Men den velse jenta lærte seg fort korleis ein skulle oppføre seg og gjere det beste utav ting. Ho visste alltid kva ho ville, så var kanskje ein liten smule sta, men var alltid like positiv. Når ho begynte i fyste klasse var det full stas. Å gå på same skule som alle brødrene sine, det var stor stas det. Klassa ho gjekk i besto bare av guttar. Vennegjengen hennar var heller ikkje liten, ho fekk mykje venar, opplveningar og kjekke periode.

Når ho begynte i på storskulen (5-7kl ) var det ingen kjære mor lenger. Ho hadde klare meininga om ting, og var ikkje redd for å dele meiniga si med andre. Ho var kanskje ikkje den som var mest fram på, men når ho slapp seg laus, var ho den som tok heilt av. Er det noko ho er kjend for så er det den hylande latter og smile ho bær på. Når latteren slepp laus fell det ofte ei gledes tåre eller to. Som regel skjer dette ganske så ofte, kanskje litt for ofte. Det ligg liksom alltid på lur.

Sida ho er oppvokst med bare guttar, då seie det seg sjølv at ho blei litt guttete. Var ikkje redd for ein slost kamp eller to for å sei det på den måten. Forde hadde brørene lært ho korleis ho skulle utføre dei forskjellige triksa og slaga. Når årene gjekk og brødrene flytta ut, da blei ting forandra. Ho måtte klare seg sjølv, utan den gode støtta. Ungdomskulen blei det nye ting. Ho takla det ganske bra. Det var alltid eit lys i enden på tunellen. Latteren med vennar var viktigaste. Dei små tinga som lyse opp kvardagen, det er det ho har tatt med seg vidare. Ho har lært av opplevningar, støtta fra andre menneske, alle latterkulene og ikkje minst den gode støtta av brødrene. Utan brødrene mine hadde eg ikkje vert den jenta eg er i dag.



Din bror holder hånden din en liten stund, men holder hjertet ditt gjennom
hele livet! Det er "brødrenes" uke. Hvis du har en bror som du er glad
i, kopier og lim inn dette i inni bloggen din ♥ ♥ ♥en? eg har 3 eg!♥

 

Iselin


Don't let idiots ruin your day!

Har ikkje blogga på nokre dagar, beklagar det. Møtt nokre nedturar her og der. Så har rett å slett ikkje vert i humør til å blogge. Nedturar møtar ein alle på. I løpe av livet skjer det mange ting. Du mistar folk du er glad i, kranglar kanskje med ein av dine bestevennar, føler deg kanskje annleis eller einsam, kanskje mystar du kjæresten din som du elskar. Slike ting er utrulig trist. Men sånt skjer...

Når slike ting skjer er det viktig å ha venar som stiller opp, støttar, trøystar og tar vare på deg. Dei prøvar å gjør det beste for deg. Som å få deg godt humør, tenke på noko anna, finne på ting som du elskar å gjør. Det er ikkje noko som varmar meir enn å sjå bestevennen din ler så tårene trilla av sin egen trillande latteren. Det er det kjekkaste eg veit! Når nokon er i godt humør, blir ein alltid påverka.

Men kvifor vere leid seg når ein kan gjør så mykje kjekke ting? Altså, selfølgelig har ein lov å vere leid seg når slike ting skjer. Det er jo trist. Men hugs at alt du gjør går kunn utover deg sjølv. Så uansett kor leid du blir, bit saman tennene og tenk dette skal eg klare, dette skal eg komme meg gjennom usansett kor vansklig det er. Eg skal vere positiv, smile og ha det kjekt! Det er slik kvardagen min skal ver, eg skal nemmelig kose meg!♥ Dette er min tanke-gang.

 




 

 

 

The hardest thing in life is...





Tidleg vinter

Det er torsdag 21. oktober, og snøen har komt. Det dalar forsatt ned og legg seg på vegane som eit tjukk lag med gjørme. Bilane kjører og snøen går over til å bli sørpe, slaps. Det er ikkje slik snøen skal vere, der er ikkje slik vi vil ha han. Men det er sjeldant at vi har snø i oktober, veldig sjeldant. Så vi skal ikkje klage.

I fjor kom vinteren i November. Snøen var fin, kram, god og varte til lenge over jul. ungane var ute å leika, stod på ski, aka i akebakkane, skrik, hyl, latter og glede. Det er sån juletida skal vere, det er slik vi kjenner ho. Så jul med mykje  julestemning blei det i alla fall det året. Men kva med i år? Blir snøen her heilt til jul denne gongen? Det er ikkje sikkert. Vi kan få ei jul med bare regn, regn å atter regn. kvifor skal då alle klage på at snøen har komt i oktober? Vil du kanskje ha regn og storm? nei, neppe.

Vi burde heller glede oss over det. Tenk kor kjekt det er å finne fram skina, akebretta, varme klede som du ikkje har sett på eit år. Det snør, det snør, tiddeli-bom! det er de det gjør tiddeli-bom å hutte meg tu!♥ hoho, gå ut å ak, kos deg i snøven med dine beste, det skal vertfall eg!♥ :-)


Det er jo vakkert da!♥


Beire med snø♥

  • kva synest du om at snøven er komen?

Ny start : ' )

God kveld til deg som sit heime og les bloggen min. Den blir ikkje tatt så godt vare på fortida. Det er mykje som skjer med både skule, lekse, venna og andre ting. I grunnen så sakna eg blogginga, leserane mine og kommentarane. Difor skal eg begynnde på nytt med blogging.

Det er ikkje noko kjekt å komme til ein blogg som ikkje er noko forandring på. Er den same kjedlige greia, med same kjedlige innlegg dag etter dag. Og det kjedligaste er når bloggaren sjølv ikkje klare å bestemme seg om ho skal forsette med blogginga eller ikkje. Da må ein bare gjere noko med det, og prøve.

Vi får kalle det ei prøve-periode da. Der blogginga pågår ei periode. Om ikkje bloggen blir opptatert kvar dag for det heller vær. For blogglysta skal komme tilbake på fult igjen, og det skal bloggen og!
Så må eg sei tusen takk til alle dokke som masar å masar på at eg må begynnde igjen. Det er så kjekt!♥
vi får håpe på det beste!

 

Må slenge med ett bilde av beste-jenta og!♥


Vår nye bestevenn♥

Værsegod for nytt blogginnlegg, folks ;*
HOHO!

 

Heimekos

God morgen alle saman. Eller blir litt feil da, sida eg var har vert oppe sida kl hal 11. Men uansett er ikkje alle som er våkna enda. hehe.

I dag er den dagen eg har ingen ting å gjør. Alle planane mine gjekk bort. Folka eg skulle vær med stakk av. haha, neida, dei fleste er i Stryn i dag sidan det er strynemesse. Men eg skal sitte barnevakt seinare på dagen, derfor kunne ikkje eg vere med. Men det tar eg sterkt igjen i måra. For da er det min tur å fare til Stryn, hoho!

Vi må jo gjør det beste utav det forde om. Derfor ska eg ha ein Iselin dag. Ein dag heime med musikk, stell og kos. Når eg var på klassetur til Bergen kjøpte eg å Stine inn fleire ansikstmaske og rens. Kvifor ikkje bruke det på ein dag som denne? Sida det er lørdag, kan ein ta fram Cola og sjokoladen også. Dette blir koos!





 

  • Kva pleier du å gjør når du kjedar deg?

 

 


 

Det blei googlebilde i dag, sida datan min er klikkings og ikkje frisk. Men skal fikse det så fort som mulig ;)

 

 

Because I love you...













 

Ingen dagar er like, men vi gjør det beste ut av det!  ikkje sant ? :-)

 

Sorry for lite blogging, eg har super dårlig tid, for eg har ein heil haug med ting å gjør. så beire med lite innlegg enn null. Så no må eg pakke til klasseturen i måra, vi snakkast :-)

 

 

 

 

Vekas vesle latter!

Denne veka skulle eg å stine, pugge til prøve, kose oss med kakao og gjer mykje lekse. For å ver ærleg blei det ingen av delane, take a look:


kvit av kulde!!


Her gjekk det fort i svingane, hehe!

 


Sån kan det gå, når du er i eigne tankar :-)

 


kosar oss med 5-6 STORE koppar kakao, etter Iselin si oppskrift blei det akkurat 2 :-)

 


fin oppskrift spør du meg....

 


Oreo må og vere med ;-)

 


Prøve pugging var ikkje særlig kjekt, Stine er du enig?

 


Egentleg ganske så enig eg og :-)

 


Vi er ikkje aleine om å syns at pugging er kjedleg :-)

 


Katten syns det var meget kjedleg og tok med seg leikedyret sitt inn!

 

 


Vi har no i vertfall kost oss, det har vi uten tvil! :-)

Difor har ikkje eg blogga i det siste, her har det godt i lekse og pugging, HAHA! :-)
Vert lite søvn på oss begge, mykje tyting, og mykje kjekt... Så skal bli herlig med helg og enda meir rangling og tyting og fun! :-) no skal eg hive meg i dusjen og ska på ungdomsklubben :-)

  • Sorry for lite kreaktivt innlegg, har ein god grunn, hatt skrive dag på skulen så fantasien min for i dag er oppbrukt, rett og slett!

 

 

HA EN FIN KVELD! :-D

 

 

hits




DESIGN > REDIGER > MALER > innlegg:



Vekas vesle latter! (pettrolina)